Joakim Systaddal fortel historia bak partnaravtalane

Balestrand Adventure er i bunn og grunn eit bedriftsnettverk, og limet som held bedriftene saman er såkalla partnaravtalar. Alle har skrive under på akkurat same avtale. Slik ser den ut i dag.

Eg var ein av dei siste som blei med i Balestrand Adventure i oppstartsfasen, og partnaravtalane var allereie ferdigskrivne. Mannen bak avtalane var Joakim Systaddal, som var prosjektleiar i 2018.

Eg fekk snakka med Joakim om korleis avtalane blei til, 24. februar 2021 i Balestrand.

Joakim Systaddal og Jesse Bratt

Jesse: Når ein les avtalen er det lett å merke ein viss likskap med ein turoperatør-avtale. Var dette noko som du hadde i tankane når du lagde den? At Balestrand Adventure skulle vere ein slags sjølveigd turoperatør for partnarane?

Joakim: Nei, avtalane er basert på andre nettverksavtalar, særleg dei frå Innovasjon Norge. Dette med provisjon var ein måte å matche bidraget frå Innovasjon Norge, utan at aktørane måtte gå inn med cash sjølv. 

Jesse: Og provisjonsprosenten? Kvifor landa de på 15 %? Kan hende eg set meg fast i eit turoperatør-spor no, men 15 % ligg vel midt mellom dei vanlege 10 % og 20 % satsane som incoming og outgoing turoperatørar får?

Joakim: Nei, satsen var bestemt i felleskap blant eigarane. Vi lagde nokre oppsett for kva BA kom til å trenge i framtida, og fann at 15 % var ein passande sats. Det var faktisk ikkje snakk om turoperatør-vinklinga i det heile teke. 

Jesse: Korleis rekna de ut dette?

Joakim: Ein hadde historiske tal frå turistkontoret, og alle var opne om si eiga omsetning, og saman sette vi nokre mål for omsetning i framtida. 

Jesse: Dette er ein avtale med høge ambisjonar for felles strategiar. Eg tel minst 3 ulike nye avtalar som blir referert til i partnaravtalen. Eg kan ikkje hugse at eg hadde desse med BA. Korleis gjekk det med dei? 

Joakim: Det blei det ikkje noko ut av dei. Fordelen med desse er at dei gir BA ein stor grad av fridom i leiingsarbeidet, og mykje rom å vakse utan at ein må teikne nye avtalar. 

Jesse: Det er ein opsjon for eit tettare samarbeid, der BAS tok 20 % provisjon, mot at BA dreiv back-office tenester for partnaren, inkludert drift av sosiale media og kontakt med kundar kvar 30. dag. Når eg gjekk gjennom avtalen og vedlegga før intervjuet i dag skreiv eg “wow!” attmed denne setninga.

Det var tidleg tankar om ein ganske omfattande back-office. Men ingen som skreiv under på denne avtalen. Eg hadde nok hugsa det, fordi ei av oppgåvene mine då eg var konsulent i prosjektet var å drifte ein primitiv back-office. 

Joakim: Ja, dette stemmer. Alle blei med på 15 % avtalen, og BA var heller ikkje klar til å levere på nivået som det  blie vist til i avtalen. Men på same måte som dei strategiavtalane du spurde om i stad, var meininga her å gi BA mykje rom å vekse. 

Jesse: På Oversikt over kanalar står det at BA skal drifte ei nettside som “også inneheld partnarpesentasjon og link til partnarane sine eigne nettsider”. Ved å sende folk vekk frå BA-nettsida vil BA jo tape provisjonspengar. Dette er ein uheldig situasjon der BA konkurrerer på ein måte med partnarane sine nettsider om besøkande. Var dette eit problem? Var denne setninga løysinga?

Joakim: Nei, det var aldri noko stort samtaletema. Nokre akørar hadde ikkje eigne nettsider, eller vurderte å legge ned sine eigne, og denne setninga kom ut av dei samtalane. Det skulle aldri vere ei hemmelegheit korleis BA fungerte, at det var sett saman av mange små aktørar. Men tanken var at BA skulle vere ein skikkeleg salgsmotor, og å tape eit salg til BA er ikkje like mykje synd som å tape eit salg til Tripadvisor eller liknande.

BA leverer trass alt ein del tenester til aktørane, og bedriftsmodellen er at provisjonsinntekter skal betale for dei. Det vil vere vanskeleg for BA å vakse på bekostning av partnarbedriftene, slik avtalane er lagt opp. 

Jesse: Eg var ein av dei siste som blei med i oppstartsåret. Var det vanskeleg å få partnarane til å skrive under på desse avtalane? 

Joakim: Nei, det var ikkje det. Et par småpunkt blei diskurte litt ekstra med nokre aktørar, men stort sett gjekk innsalget veldig bra. 

Jesse: Takk for samtalen!

Jesse BrattComment