Cookies og retargeting enkelt forklart
Idéen bak cookies og retargeting på nett er lett å forstå.
Lat oss bruke ein metafor som tek utgangspunkt i trimpostar i skogen i Balestrand.
Idrettslaget har lagt ut bøker på trimpostar som folk skriv seg inn på. På slutten av sommaren samlar dei inn alle bøkene og ser kven som har gått flest gangar. Kanskje nokon vinn eit spekelår!
Turbøker er lik cookies
Dette er akkurat det same som cookies. Sjå for deg at dei ulike trimpostane er ulike sider på ei nettside. Kvar gang du besøker ei side/trimpost legg du ifrå deg eit lite spor.
Slik bruk av cookies kallar ein for andreparts-cookies. Det vil seie at du veit kva idrettslaget skal gjere med namnet ditt, og det går heilt fint.
Men tenk at det finst eit lag med gjennomslagspapir under kvar side av boka. Kvar gang du skriv deg inn, blir det laga ein kopi.
Og sjå for deg at idrettslaget sender desse gjennomslagspapira til Sogn Avis. Det er dette som blir kalla for tredjeparts-cookies. Sogn Avis er altså tredjeparten.
Annonsar basert på cookies
Intersport i Sogndal vil gjerne selge fleire tursko i Balestrand. Målgruppa er så klart folk som ofte går tur der. Og dei som ofte går tur skriv seg gjerne inn på trimpostane til idrettslaget.
Intersport går til Sogn Avis, som sit på gjennomslagspapira frå Balestrand. Dei betalar for å legge inn flygeblad i avisene til dei ulike namna som står på gjennomslagspapiret. Dette er det same som targeting.
Kvifor skulle idrettslaget gjere noko så gale? Kvifor sende inn persondata på den måten?
Jau, dei skal sende ut sine eigne annonsar. Dei har lyst å få fleire deltakarar på motbakkeløpet Balestrand Opp. Dei går til Sogn Avis og betaler for å få legge inn sitt eige flygeblad inn i avisene til dei som har gått trimpostane.
Dette er retargeting. Så enkelt er det.
Men ikkje nok med det! Idrettslaget vil òg annonsere til dei som liknar på dei som har gått trimpostane.
Sogn Avis tenker litt på dette. Dei kjem på at dei har gjennomslagspapir frå idrettslaget på Leikanger og i Sogndal. Perfekt! Dei hiv eit flygeblad i deira aviser òg, mot betaling så klart. Dette er det same som lookalike targeting.
Vår dans med djevelen
Korleis bruker Balestrand Adventure cookies og retargeting? Vi har ein Facebook cookie (eller pixel, som den òg blir kalla) på sida vår, eit gjennomslagspapir som vi sender til Facebook.
Vi vil gjerne at dei som besøker sida kjem tilbake. Derfor betaler vi Facebook for å ha ein annonse som blir vist til dei som har besøkt nettsida vår. Slik bruker vi retargeting.
I tillegg viser vi ein annonse til folk som Facebook tykkjer liknar på dei som har besøkt sida vår. Dei seier ikkje korleis dei gjer dette, men truleg er det folk som besøker liknande nettsider. Slik bruker vi lookalike targeting.
Og til slutt viser vi ein annonse til folk som Facebook veit er i Balestrand, men ikkje bur her. Altså besøkande. Slik bruker vi targeting.
Verre er det ikkje!