Vi er i gang!
Tilskotet på plass
Fredag 8. mars kom tilbakemeldinga frå Innovasjon Norge på prosjektsøknaden, der me fekk tilsegn på 600.000,- - 100.000,- meir enn me søkte om! Det er sjølvsagt svært gledeleg, og gjer at ein kan realisere planane i full skala. Tusen takk til Innovasjon Norge som har trua på prosjektet, og til alle som har bidrege i arbeidet så langt.
Informasjon og vegen vidare
Det betyr at me no går inn i ei ny fase i arbeidet. Frå no av vil det bli lagt opp til rask framdrift, relativt tette treffpunkt og mange parallelle prosessar. Møtereferat, oppsummeringar og informasjonsskriv vil bli gjort tilgjengeleg etter kvart. I tillegg er det viktig at kvar enkelt tek ansvar for å søke informasjon der ein føler at ein treng å vite meir – du kan alltid ringe eller sende e-post til prosjektleiar for å slå av ein prat, eller få svar på eit spørsmål.
Mål og retning
Det er alltid nyttig å minne oss sjølv på kva me jobbar med, og kvar me er på veg. Difor gjentek eg dei overordna måla og verdigrunnlaget me jobbar etter:
Til grunn for alt arbeidet i aktivitetssatsingane ligg nokre felles, overordna målsetjingar:
Bidra til å utvikle aktivitetsbedriftene i Balestrand til å bli leiande på sine felt i regionen
Bygge opp det fremste kompetansemiljøet på aktivitetsturisme i regionen
Bygge opp sterke aktivitetsbasar i Sogn
Vere fremst på innovasjon og praktisk bruk av ny teknologi innan aktivitetsproduksjon
Bli eit nasjonalt fyrtårn innan berekraftig reiseliv
Verdiar
Balestrand Adventure skal vere tufta på Balestrand og Sogn sitt historiske og autentiske grunnlag, og sette lokalsamfunnet sine interesser, lokal verdiskaping, miljøet og pålitelegheit i høgsetet.
Målsetjingane er «hårete», men ambisjonen er å levere. Då må kvar enkelt ville det, og sette av eiga tid og prioritere dette arbeidet om ein skal lukkast. Ein har gjennom prosjektet fått ein unik sjanse til å ta nokre store steg, og den må me nytte godt.
Neste steg
Arbeidet vidare vil fylgje dei tre hovudstrategiane i prosjektplanen: Marknadsutvikling, produktutvikling og kompetanse og teknologiutvikling. Kort oppsummert, vil arbeidet fylgje desse linjene:
S1 Marknadsutvikling
Utvikle dei digitale salskanalane. Fokus på å fase inn alle sine produkt i Trekksoft, og bruke dei aktuelle kanalane for å skape trafikk til nettbutikken. Alle partnarar som ikkje har produkta på plass i Trekksoft vil bli kontakta i løpet av kort tid for å komme i gang med dette arbeidet.
Utvikle lokale salspunkt. Balestand Adventure har overteke drifta av turistinformasjonen frå Visit Sognefjord frå og med denne sesongen, og samstundes vil ein etablere eit tydelege felles salskontor i dei same lokala. Her vil det bli aktivt sal av dei produkta som er tilgjengelege, enten gjennom partnaravtale med BA eller gjennom Trekksoft-butikken til Visit Sognefjord.
Gruppemarkanden vil vere viktig, spesielt utanom hovudsesongen. BA ynskjer å jobbe tett saman med Amazing Fjords, som har vore ein viktig del av grunnlagsarbeidet for prosjektet, og som i tillegg er lokal og kjenner regionen godt. I tillegg vil ein handtere dialogen med dei turoperatørane som tek kontakt, og ynskjer å kjøpe aktivitetsprodukt for sine kundar via back-office-løysinga.
S2 Produktutvikling
Ved oppstarten av dette utviklingsarbeidet legg ein til grun ei relativt omfattande aktivitetsportefølje. Dette skil Balestrand frå dei andre kommunane i midtre- og ytre Sogn, her er alt operative verksemder som leverer RIB-turar, kajakkturar, utleige av kajakk og sykkel, buss- og bilturar, leigebil, fisking med guide og turar på fjorden med ulike farkostar. Målet er å bruke dette grunnlaget til å utvikle endå fleire produkt, som styrkar og byggjer opp under det eksisterande.
I tillegg er det ei tydeleg målsetjing å regionalisere heile produktporteføljen. Det er i liten grad utvikle kombinasjonsprodukt på tvers av aktørane i dag, så det vil vere ei konkret oppgåve som kan gje raske og gode resultat. Ein vil også søke å utvikle gode produkt i dei geografiske randsonene mot Sunnfjord, kysten, Flåm, Voss og indre Sogn.
Der det ikkje finst interesse hos nokon av partnarane, eller i tilfelle der ein ser at produktet naturleg høyrer heime hos Balestrand Adventure vil det vere aktuelt å utvikle, teste og implementere produkt direkte. Dette vil typisk vere overordna produkt og tenester, utfyllande produkt i kombinasjonsprodukt og liknande. Denne rolla har mangla i regionen, og vil bety mogelegheita til å realisere produkt som tidlegare har vore utfordrande å få til. I tillegg er det i dag lite utval av Balestrand og Sognefjord-relaterte suvenirar, der det burde vere potensiale for å få på plass meir.
Sognefjordregionen er rik på produsentar av lokal mat og drikke, men lite av dette er i dag nytta som ein del av opplevingsprodukta. Prosjektet ynskjer å løfte fram og utvikle mat og drikke som ein sentral del av aktivitetsprodukta, i tillegg til å bidra til å vise fram produsentane – gjerne gjennom å lage visningsopplegg saman med dei.
Balestrand og regionen elles har store kulturressursar som i dag er lite kommersielt utnytta. I Balestrand har det vore eit aktivt kunstmiljø i over 100 år, området er rikt på vikinghistorie og det er i dag eit levande kulturliv i heile regionen. BA ynskjer å knyte partnarskap med private og offentlege kulturaktørar som har interesse av å sette meir fokus på kommersiell utnytting av kulturlivet, og utvikle nye produkt og tenester saman.
S3 Kompetanse og teknologiutvikling
Balestrand Adventure har slått fast i verdigrunnlag og visjon at ein skal levere produkt og tenester av høg kvalitet. Det fordrar eit systematisk arbeid med kompetanseheving av alle delar av verksemda – frå guiding til marknadsarbeid. Dette søkjer ein gjere systematisk, samstundes som det vert bygd vidare på det arbeidet som har vore gjort i denne samanhengen.
Bruk av ny teknologi vil treffe aktivitetsturismen på alle frontar. I denne aktiviteten ynskjer ein å vere «early movers» for å teste ut om nye løysingar kan heve produktet og/eller lønsemda i drifta, og bidra til auka tryggleik og kvalitet. Regionen har fleire sterke teknologimiljø som ein ynskjer å jobbe tett saman med i utviklingsfasen.
Dersom nettverket skal bli sterkt og leve vidare etter prosjektperioden, er ein avhengig av å bygge gode og sterke relasjonar mellom aktørane. Dette krev eiga merksemd og tilrettelegging, både i form av felles kulturbygging, styrking av kjennskapen mellom bedriftene, og utvikling av gode og faste møtestadar. I denne aktiviteten ynskjer ein å jobbe målretta med dette, på toppen av det som ligg i resten av aktivitetsporteføljen.
Alle eigarane handterer sine back-office-funksjonar internt i dag, men ingen av dei har definert det som kjerneverksemd. Dei ynskjer at dette vert vurdert løyst i fellesskap, og at det vert utarbeidd ein modell for korleis dette kan løysast. Back-office vert i denne samanhengen definert som rapportering, føring av statistikk, registrering og bearbeiding av data, kontorfunksjonar og anna administrativt arbeid.
God datastruktur er avgjerande for å kunne utvikle produkt og verksemd vidare i framtida, og i fellesskap kan ein lage og ta i bruk gode system som gjev tilgang på størst mogeleg mengde med strukturerte data.
Møtepunkt framover
I løpet av mars vil alle som har synt interesse for prosjektet bli invitert til ei første partnarsamling. Her vil me gå meir i djupna på det arbeidet som ligg i løypa framfor oss, og legge meir detaljerte planar for framdrift saman med kvar enkelt. Me håpar å sjå mange der, og ser fram til ei triveleg samling!