Balestrand Adventure blir skipa
Her kjem ei lita oppdatering frå prosjektleiar (PL) om kva som er gjort sidan sist. Eg vågar ikkje å love noko fast utgjevingstakt på dette nyheitsbrevet, men det er viktig for meg å halde styret oppdatert om det som vert jobba med undervegs.
Det tekniske rundt skipinga
Sidan skipingsmøtet har fokuset vore på formalitetane kring oppstarten, og på produkt og partnarskap. Dei tre aktivitetsleverandørane har hatt to arbeidsøkter, 3/10 og 8/10, og skal ha ei ny i dag 23/10. Me har no i underkant av 20 bookbare produkt som skal inn i nettbutikken.
Lars Arne (LA) har oppretta bankkonto i Sparebanken Sogn og Fjordane, som vil vere klar til bruk i løpet av kort tid. Torsdag 18/10 hadde PL og LA møte med Accountor for å få presentert deira løysing for rekneskap. Ein har gått inn avtale med dei om rekneskapstenester, samt bruk av deira heilautomatiserte programvare PowerOffice Go. Dette vil gjere rekneskapsdelen mindre arbeidskrevjande, og talla vil alltid vere oppdatere og tilgjengelege.
Nye partnarar
Førre veke og denne veka har PL og LA hatt møte med potensielle partnarar og agentar. I Balestrand har me lagt fram avtaleforslag til Marianne Hoff og Trond Sundby, Einar Målsnes og Kurt Kleive, alle ved møte 16/10. Onsdag 17/10 var det ny runde i Høyanger, der me brukte om lag heile dagen på å treffe aktørar som Høyanger Næringsutvikling sette opp til oss. Positive tilbakemeldingar, men framleis ein veg å gå for å finne partnarar som er like modne som i Balestrand. Denne veka har me hatt møte med Maritime Management på Leikanger, som driv Fjærlandsbåten.
Dei er klar til å bli partner, og ynskjer å delta aktivt i produktutviklingsarbeiet. Etter møtet hadde me ei arbeidsøkt der me drøfta infrastruktur på transportsida, og drodla litt rundt eit fyrtårnprodukt med utgangspunkt i Balestrand. Meir om det kjem seinare. Måndag 29/10 skal me til Vik for å treffe aktørane der, her er det næringssjefen i Vik som har laga køyreplan.
Vegen vidare
Dei viktigaste punkta vidare er å få avtale med Visit Sognefjord om turistinformasjonen (avtalt møte med Ståle torsdag 25/10), sende søknad til Innovasjon Norge (krev sluttrapportering førre fase), halde fram produktarbeidet, starte marknadsarbeidet, sette opp dei tekniske løysingane, få på plass grafisk profil, og fortsette å finne gode ressurspersonar og partnarar.
I løpet av vinteren vil me trenge ekstern kompetanse på innhaldsproduksjon og drift av digitale kanalar, back-office-strukturering og kvalitetssikring av produkt og logistikk. Det bør også gjennomførast kursing slik at alle guidar har NCE sitt guidekurs på nivå 1.