Turistane kjem
NTW vel unnagjort
Denne veka har Jesse representert Balestrand Adventure på NTW. Han har hatt full møtebok med agentar og turoperatørar frå heile verda, og melder om stor interesse for produkta me kan tilby. Vedtaket om å gjere Balestrand cruise-fri haust positiv respons, og fokuset på berekraftige produkt som tek i vare lokalsamfunn og miljø vert sett stor pris på. Dei fleste har fått agent-innlogging, og ynskte å begynne å bestille med ein gang. I tillegg veit me at Kviknes og Visit Sognefjord har hatt mange gode møter som òg vil ha relevans for oss. Alle møta er logga i CRM-systemet, og ligg klar for vidare oppfølging framover.
Logo og grafisk profil på plass
Måndag fekk me levert logo og grafisk profil frå Gasta. Det betyr at arbeidet med nettside, trykt materiell og anna profilering no kan settast i bestilling, slik at alt ser skikkeleg ut før sesongen tek til for fullt. Logoen byggjer på element frå engelskkyrkja, og er både attkjennande og særprega. Me er godt nøgde med jobben Gasta har gjort, og gler oss til å ta den i bruk i alle flater. Nettsida manglar berre dei grafiske elementa for å vere klar, så den vil ha høg prioritet i neste veke.
10 nye guidar har fått guidekurs
Helga 22. til 24. mars fekk me høve til å få gjennomført guidekurs lokalt i Balestrand. Kurset byggjer på modellen som NCE har utvikla saman med Njord, som òg var kurshaldar her. Dette er same kurset som mellom anna «Kayak the Fjords» har arrangert nokre gangar, men justert til å vere meir retta mot vandring og generell guiding der det tidlegare har vore spissa mot kajakk.
Totalt deltok 10 personar, som vil vere ein del av det vidare arbeidet. Frå før har 4 av aktørane gjennomført det same kurset. Det vert jobba med å planlegge vidare kurs- og kompetansehevingstiltak. Informasjon om desse vert gjeve etter kvart.
Sesongen i gang
Turistinformasjonen opna rekordtidleg i år. I samband med at Norled si sommarrute til Flåm starta den 1. april, vart turistinformasjonen opna samstundes. I første omgang er det noko kortare opningstid enn i høgsesong, men frå og med neste veke vil ein auke opningstidene og ha bemanning dei fleste vekedagane. Med båten kjem òg dei første turistane, og ein har hatt fleire innom første veka.
Gode møter med Høgskulen på Vestlandet og studentane
Førre veke hadde Joakim og Jesse møte med ansvarleg for reiselivslinja ved HVL i Sogndal, Kristin Løseth. Me hadde ein god prat om mogeleg samarbeid, og dei er interesserte i å samarbeide med bedrifter som har relevant praksisplass. Det er òg aktuelt å finne tema og problemstillingar i vårt arbeid som grunnlag for dei som skal skrive bachelor-oppgåve til vinteren.
Det vart avtalt ein presentasjon for studentane om kva Balestrand Adventure går ut på, som vart gjennomført i går torsdag. Studentane viste god interesse, og ynskte å halde kontakten vidare. Dette kan bli viktig i samband med det planlagde utviklingsarbeide, særleg i haust.
Signering av partnaravtalene
Sidan alle ukjende faktorar no er avklara, er det tid for å få på plass partnaravtalene. Lars Arne har ansvar for dette, og vil i løpet av dei næraste dagane ta kontakt med alle som har stilt seg positive tidlegare til å få signert avtale med vedlegg på plass.
Møtepunkt framover
Det vert partnarsamling i midten av april – tidspunkt og meir informasjon vil bli avklara ein av dei første dagane neste veke, og invitasjon kjem i eigen e-post. Det me veit, er at det vil bli fokus på forventningane til sesongen, samt dei praktiske avklaringane knytt til sal, booking, kommunikasjon og gjennomføring av sesong. Har de konkrete punkt de ynskjer å ta opp på samlinga, så kan dei sendast til underteikna så snart som råd.
Det er også ei reiselivssamling under planlegging i samband med Balejazz, så dei som er interesserte i denne kan legge inn fredagen på dagtid i kalenderen så lenge. Innovasjon Norge arrangerer fellessamling for reiselivsnettverka den 23. april (tysdag etter påske). Her er det i utgangspunktet fullteikna, men dersom her er nokon som har veldig lyst å vere med, så kan dei ta kontakt, så skal eg sjekke om det er mogeleg å få stille med nokon ekstra.