Den første sesongen

Turistane kjem

I år starta sesongen rekordtidleg i Balestrand. Sommarruta frå Bergen til Flåm tok til å gå den 1. april, og dermed opna Kviknes Hotel og Balestrand Adventure for sesongen. Turistinformasjonen har hatt ope i same periode, og aukar gradvis opp opningstidene fram mot sommaren.

Det har vore ein del turistar i april, og særleg RIB-turane har vore populære. Ikkje alle produkta er i gang endå, både Fjærlandsbåten, kajakk og sykkel kjem i løpet av mai. Me ser òg ei auke i førehandsbestillingane samanlikna med fjoråret, det gjev von om ein god sesong.

Nettsida lansert

Rett før påske vart nettsida lansert, med dei bookbare produkta som er klare i dag. Her vil fleire produkt kome til etter kvart som dei er klare, og bli publisert fortløpande. Nettsida har også chat-funksjon, for enkel kommunikasjon for kundane. Nettsida er kopla saman med CRM-systemet, og dei enkelte produkta vil bli køyrt kampanje på i digitale flater framover. Agentar og turoperatørar har fått eigne innloggingar, med link rett frå framsida. Særleg frå denne gruppa merkar me auke i bestillingane, og tilbakemelding på at det er nyttig med alt på ein plass.

Førstehjelpskurs gjennomført i Balestrand

Måndag 29. april vart det gjennomført førstehjelpskurs særleg retta mot guidar i samarbeid med Røde Kors i Balestrand. Det var 9 deltakarar på kurset, og med dette og guidekurset i førre månad har alle dei som ynskjer å vere med på guiding denne sesongen fått på plass ein god grunnkompetanse for sitt virke. Det vert jobba med kursplan for hausten, så om du har forslag til kurs eller kompetansehevingsopplegg er det berre å spele inn til prosjektleiar. 

Avtale om båthamna snart på plass

Balestrand Adventure vil frå og med denne sesongen overta drifta av den kommunale båthamna i sentrum på oppdrag frå Balestrand kommune. Turistinformasjonen vil ta seg av den praktiske drifta, som mellom anna går ut på å halde orden, bidra med informasjon og krevje betaling frå besøkande. Det har vore møte med teknisk etat for å drøfte innhaldet i avtala, og ein er no samde om premissane. Avtala vil bli gjort gjeldande frå 1. juni. 

Dialog med Vik, Høyanger og Sogndal

Prosjektet har sidan starten hatt dialog med næringa i Vik, Høyanger og Sogndal for å dele planar og avklare om her er potensial for samarbeid. I Vik har møta vore med Blix Hotell og Sylvringen, og seinast måndag 6. mai var representantar frå Vik på besøk i Balestrand for å konkretisere innhald i ei samarbeidsavtale. Det var ei stund aktuelt med produktsamarbeid denne sesongen, men Vik-miljøet ynskjer å bruke noko meir på å finne ut av den lokale organiseringa. Det er god dialog over fjorden, og me håpar å få på plass gode gjensidige prosjekt etter kvart. 

Same dag var representantar frå næringa og Høyanger Næringsutvikling på besøk i same ærend. Her vil ein truleg få på plass eit praktisk samarbeid om produkt og infrastruktur på testnivå allereie i sommar. Detaljane vil komme på plass i løpet av månaden, og potensialet for meir reiseliv i Høyanger er stort. Samstundes kan Høyanger utvikle reiselivsopplevingar som skil seg frå Balestrand sine, og på den måten vere med å komplettere heilskapen. N

este veke skal prosjektleiar delta på møte med aktivitetsaktørar i Sogndal, Sogn Næring og Visit Sognefjord for å orientere om prosjektet, og avklare mogelegheitene for samarbeid. Summen av denne aktiviteten har me god von om at vil skape meir aktivitetar og sysselsetting i heile vår del av Sognefjorden. 

Nettverkssamling og mini-opplevingskurs i Førde

Joakim og Jesse deltok den 23. april på samling for reiselivsnettverka som har fått støtte frå Innovasjon Norge. I tillegg til informasjon frå Trond Haavik om forskingsstøtte for reiselivsnæringa, var tema på samlinga ein kortversjon av opplevingskurset til Pål Medhus i Høve Støtt. Dette var eit svært praktisk og godt kurs, og i ettertid har me følgt dette opp for å få til eit fullt tredagarskurs i Balestrand til hausten.

Me har god von om å få dette til saman med Visit Sognefjord og Innovasjon Norge. Nettverkssamlingane er også gode møtestadar for den uformelle praten med likesinna aktørar i fylket, også denne gangen var dette av stor verdi. 

Forskingspotensiale i Balestrand Adventure-prosjektet

Fylkeskommunen og Forskingsrådet ynskjer å forske meir på reiselivsnæringa. I samband med dette har Trond Haavik, som er kompetansemeklar på oppdrag frå fylkeskommunen, teke kontakt for å ha ei innleiande samtale om verkemidla og for å sjå på om det er potensiale for forskingsprosjekt i vår aktivitetsportefølje. Haavik kjem til Balestrand i slutten av månaden, og om du har tankar om mogelege prosjekt så ta kontakt. 

Infrastrukturmidlar til rute over Gaularfjellet

Den 8. april fekk me meir gledeleg nytt – fylkeskommunen har løyvd 117 500,- til å etablere turistrute over Gaularfjellet. Geir Willy Nesse skal operere ruta, og det vert jobba med å få på plass detaljane til sesongen. Me gler oss til å fortelje meir om arbeidet i neste nyheitsbrev.