Salgssamarbeid
Balestrand Adventure handlar om samarbeid: mellom partnarbedriftene, med Visit Sognefjord og med turoperatørar. Grunnlaget for salgssamarbeidet er 3 avtaletypar:
Partnaravtalane. Desse regulerer vidaresalg av partnarbedriftene sine produkt hos Balestrand Adventure. Dei ligg på eSignatures. Sjå gjerne intervjuet med Joakim Systaddal om utviklinga av partnaravtalane. Alle partnarane har skrive under på same avtalen.
Hub-avtalen. Denne regulerer vidaresalg av partnarane sine produkt hos Visit Sognefjord. Visit Sognefjord gir ein del av provisjonen sin tilbake til Balestrand Adventure for å drive vidare produktutvikling.
Turoperatør-avtalar. Balestrand Adventure har ein enkel standardavtale, eller signerer avtalen som turoperatøren har.
Ein føresetnad for samarbeid mellom aktørane er standardisering. Alle partnarane bruker same bookingssytemet, Bilberry, og forpliktar seg til nokre produktstandardar. Til dømes at born blir rekna som dei 15 eller yngre, og at alle har gratis avbestilling inntil 72 timar før avreise.
Vidaresalg på balestrandadventure.no
Fordi alle bruker Bilberry kan Balestrand Adventure selja for partnarbedriftene på si eiga nettside. Det er 2 ulike måtar å kopla seg på: via eigen Bilberry-konto eller via Balestrand Adventure sin. Det er fordelar og bakdelar med kvar metode. Nedanfor forklarer eg begge metodane.
Metode 1: Med eigen Bilberry-konto
Dette er måten dei fleste partnarbedriftene har valgt. Du har din eigen fullverdig Bilberry-konto, og widgeten som ligg på balestrandadventure.no er den same som din, berre kledd ut i fargane til Balestrand Adventure. Det vil seia at betalinga går rett til din Nets-konto, ikkje via Balestrand Adventure sin.
Du ser likevel korleis bookingar kjem frå Balestrand Adventure, fordi widgeten på balestrandadventure.no inkluderer Balestrand Adventure sin Agent Referral ID, som ligg på kunderoversikta til Balestrand Adventure på din Bilberry. Denne gjer at du får opp alle bookingar frå Balestrand Adventure på fana Referral Orders. Her blir òg provisjonssummen rekna ut.
På slutten av månaden ser dagleg leiar i Balestrand Adventure kor mykje provisjon som skal betalast ut, og dette blir grunnlaget for ein faktura til deg. Dette forutset at dagleg leiar i Balestrand Adventure har innlogging på alle partnarbedriftene sine kontoar.
Når du betaler fakturaen, hukar du av på alle ordrene som fakturaen gjeld og så merkar du dei som betalt. Då blir den utbetalte provisjonssummen automatisk flytta til Tidligere utbetalinger.
Tekniske detaljar
Ein må passa på ein del ting på produktsidene. Kvar produktside må ha denne i <head>:
<script type="text/javascript">
window.BilberryWidgetsGlobal = window.BilberryWidgetsGlobal || {};
window.BilberryWidgetsGlobal.referralCode = 'DIN BALESTRAND ADVENTURE REFFERAL ID CODE';
window.BilberryWidgetsGlobal.skipBasketOnBook = true;
window.BilberryWidgetsGlobal.language = 'en-US';
window.BilberryWidgetsGlobal.bilberryAccessToken = 'DIN ACCESS TOKEN';
window.BilberryWidgetsGlobal.termsUrl = 'https://www.balestrandadventure.no/terms-and-conditions';
window.BilberryWidgetsGlobal.privacyUrl = 'https://www.balestrandadventure.no/privacy-and-cookie-policy';
window.BilberryWidgetsGlobal.bilberryBaseApiUrl = 'DIN BILBERRY URL';
</script>
Det vil seie at kvar produktside treng:
Referral ID for Balestrand Adventure frå partnaren sin Bilberry-konto. Denne ligg på kundeoversikta.
Access Token frå partnaren sin Bilberry. Denne ligg under Innstillinger.
Lenkene til Balestrand Adventure sine kjøpsvilkår og personvernerklæring.
I tillegg er det viktig å inkludera denne:
window.BilberryWidgetsGlobal.skipBasketOnBook = true;
som slår av handlekorg-funksjonen, der ein kan ha fleire ulike produkt i same korg. Dette er fordi systemet ikkje taklar å ha produkt frå fleire leverandørar på same transaksjonen.
Det er òg litt ekstraarbeid med bekreftelsen som går til kunde. Om ein ikkje gjer noko, vil e-posten til kunden koma frå partnaren. Dette kan skape forvirring når kunden har kjøpt hos Balestrand Adventure. For å hindra dette må ein huka av på feltet “Stopp utsendelse av ordrebekreftelsesmail på online booking?” under Agentinnstillinger på Balestrand.
Så må ein gå inn på Webhooks og sette opp ein webhook med Zapier. Inne på Zapier ordnar du teksten på e-posten som går til kunden frå Balestrand Adventure. I dag (mars 2022) har ein ikkje gjort dette for alle partnarane.
Metode 2: Med Balestrand Adventure sin Bilberry-konto
Nokre partnarbedriftene har valgt å ikkje ha sin eigen Bilberry-konto. Då får dei ein leverandørbrukar på Balestrand Adventure sin konto. Pengane går til Balestrand Adventure sin Nets-konto, og partnaren må fakturera Balestrand Adventure for bookingane minus provisjon.
Det er nokre begrensingar med denne metoden. Du kan ikkje oppretta produkt sjølv, endra på produkttekstar og bilete sjølv, ta betalt frå kunden sjølv, eller opprette avgangar sjølv. Du kan likevel justere kapasitet sjølv.
Kva type vidaresalg er rett for meg?
Det er litt å følgja med på! Om du er ny og vurderer kva som er best har me ei lita sjekkliste her:
Metode 1 (eigen Bilberry-konto) er best viss du
Sel ein del til turoperatørar sjølv
Ofte endrar på produkta dine
Ofte opprettar nye produkt
Har mange privatturar og arrangement
Tek imot bookingar på eiga nettside
Metode 2 (leverandørbrukar på Balestrand Adventure sin Bilberry-konto) er best viss du
Salg via turistkontoret
Når turistar kjøper over disk på turistkontoret går pengane til Zettle. Kvart produkt skal taggast med leverandørnamn slik at det enkelt går an å oppretta rapportar for kvar leverandør. Desse rapportane blir sende ut på slutten av kvar månad, og så fakturerer partnarane Balestrand Adventure, minus provisjon.
Salg via Visit Sognefjord
Visit Sognefjord sitt bookingsystem, Blend, er integrert med Bilberry. Dette gjer at partnarane kan bli solgt av Visit Sognefjord. Sjå til dømes produktsida for Mini Fjord and Glacier Tour.
Pengane går via leverandøren Adventure Tech og så til partnarbedriftene. Sesongen 2022 er første gangen me gjer dette, og det er enno uklart kva slags fakturaflyt blir best.