Stilmanual

Hos Balestrand Adventure møter du sogningen i sitt element. Han er litt uhøvla kanskje, men ekte, heilt seg sjølv. Han er engasjerande og lett å forstå. Gjesten føler seg velkomen og ivareteken.

Skrivestil

Me skriv korte setningar, rett til poenget. Me bruker gjerne idomar, slik me gjer i daglegtalen. Me bruker eg-forteljar, og skriv gjerne namna våre. Det skal vera tydeleg kven som er avsendaren. På norsk følgjar vi dialekten i Midtre Sogn. Til dømes bruker vi a-infinitiv (å eta, å smila) og bruker j i ord der det er valfritt, som byggja og tenkja. På engelsk skriv me på amerikansk. Til dømes skriv me color i staden for colour. Bruk gjerne hjelpemiddel som Hemingway Editor og Simple Writer.

Klokkeslett skal skrivast med 24-timarsklokke, slik: 16:00, ikkje 4:00 PM. Prisar skriv me med forkortinga kr (ingen punktum), ikkje NOK. Til dømes 900 kr, ikkje 900 NOK. me skriv mellomrom mellom store tal, slik: 20 000 kr, ikkje 20.000 kr.

Typografi

Typografien skal støtta skrivestilen: enkel, uformell og lett å forstå. Me bruker fontane Source Sans Pro og Source Serif Pro. Desse er lett å finna på dei fleste programma, og den er laga for å vera godt leseleg, sjølv på små skjermar. Tekstfargen skal ikkje vera heilt svart, viss det går an. Bruk heller ein mørk gråfarge, som Hex(1A1A1A). Dette skal vera litt lettare å lesa. Slik skal dei ulike teksttypane vera:

  • H1: Source Sans Pro, 400 weight 41 px eller 31 pt,

  • H2: Source Serif Pro, 700 weight, 21 px eller 16 pt

  • H3: Source Sans Pro, 600 weight, 20 px eller 14 pt

  • Brødtekst: Source Serif Pro, 400 weight, 17 px eller 11 pt

Bruk helst ikkje H3. Det er vanlegvis ikkje vere behov for å dela inn ein tekst i så mange nivå. Ein skal helst halde seg til H1, H2 og brødtekst. Bruk feit tekst i den første frasen eller setning i ein artikkel. Bruk kursiv og feit tekst elles berre når det er absolutt nødvendig for å få fram tydinga.

Bruk gjerne punktlister i staden for komma viss du skal ramsa opp ting. Og hugs at det er lettare å lesa brødtekst når linjene er korte, helst 45–90 bokstavar (inkludert mellomrom). Bruk laus høgrekant.

I alle e-postar bruker me eit enkelt oppsett og færrast mogleg andre element. Til dømes bruker ikkje me bilete, knappar, ulike skrifttypar og så vidare. Sjå eit døme på ein e-post her.

Tabellar skal ikkje gjera noko stort ut av seg. Øvste rad skal ha feit skrift, men elles skal teksten vera vanleg. Linjene imellom skal vera lysegråe og så tynne som mogleg. Tabellar skal vera høgrejusterte slik at tal blir lettare å samanlikna. Tekstkollonar skal vera på venstresida. Sjå til dømes nedanfor. Dette er standard-oppsettet som finst i CSS-koden på nettsida vår. Bruk gjerne Tables Generator til å laga HTML-koden.

Produktnamn Pris 2022 Pris 2023
Varmluftsballongtur vaksen 5 500 5 700
Varmluftsballongtur born 3 000 3 100
Varmluftsballongtur privat gruppe 16 900 17 200

Bilete

Bileta våre skal òg spegla verdiane til Balestrand Adventure. Dei skal vera klare, fargerike, kontrastfulle og ujålete. Me bruker bilete av folk framfor landskap. Me bruker ikkje bilete som ser oppstilte ut, eller bilete der ein ser berre ryggen til folk.

Bileta ligg i programmet Lightroom, med backup på Balestrand Adventure sin Google Disk. Nedst på nettsida vår lenkar me til eit Lightroom-album sortert etter produkt. Dette er meint for turoperatørar.

For å få ein felles profil på bileta bruker me same Lightroom preset på alt. (Ein preset er eit sett med innstillingar for fargar, kontrast og lys.) Me bruker ein som heiter “Ethereal Scene”, som er laga av fotografen Melissa Findley og lasta ned gratis frå Adobe sin blogg. Du kan òg laste dei ned her.

 

Eit bra fiskebilete. Dette er originalversjonen.

Same bilete etter redigering med preset’en vår. Det verkar litt klårare og meir levande. Svartfargen er svartare. Kvitfargane er reinare. Det er meir dybde og kontrast. Likevel ser det ikkje overredigert ut.

 

Fargar og Logoar

Logoen er inspirert av eit grafisk element på preikestolen i Engelskkyrkja. Han finst i fleire variantar, og i blått, svart og kvitt. I tillegg finst det to ulike mønster som bruker logoen. Her ligg alle dei ulike variantane, delt inn etter filtype.

Me bruker 2 blåfargar: HEX #059299 og HEX #1D4246.

Slik ser dei ulike logovariantane ut: