Marknadsstrategi
Planen er ikkje så vanskeleg: Me skal svara på spørsmål som gjesten stiller seg mens ho planlegger turen.
Men ikkje alle spørsmål; me bruker energi på 2 typar:
Spørsmål om destinasjonen vår, som “korleis kjem eg meg til Balestrand?” eller “kor er det fint å gå tur der?”. Me vil at gjesten bookar eit lengre opphald her, med god tid til å vera med på turar. Derfor leiar me gjesten forsiktig inn mot Things to Do in Balestrand, hovudartikkelen vår.
Spørsmål om produkt, som “kva slags båttur bør eg velge?” eller “kor mykje kostar ein guida fjelltur?”. Vi vil at gjesten føler seg trygg nok til å booka før ho kjem til Balestrand.
I starten av planleggingsfasen er det gjerne generelle spørsmål som “gode fjellturar på vestlandet” eller “overnatting i Sogn”. Dette er ansvarsområdet til Visit Sognefjord; mebruker ikkje energi på desse.
Me har ei liste med relevante spørsmål, som er grunnlaget for alt me publiserer. Den blei oppretta i 2018 og inneheld i dag cirka 300 spørsmål. Lista er sett saman av:
E-postar til balestrand@sognefjord.no
E-postar til booking@balestrandadventure.no
Reiselivsforumet på Tripadvisor
Reiselivsforumet på Lonely Planet
Her er nokre døme frå lista:
Kva er deste måten å koma seg til Balestrand frå Bergen?
Er det en plass å leggja frå seg bagasje?
Kva er skilnaden mellom RIB-turen i Balestrand og den i Flåm?
Kan vi kjøpa mat ombord på Fjærlandsbåten?
Basert på lista lager vi bloggpost-idéar som kan svara på dei viktagaste spørsmåla, altså dei blir spurt mange gangar, og har med produkt å gjera – til dømes spørsmålet om mat på Fjærlandsbåten.
Bloggen og sosiale media
Bloggen er kjernen i marknadsstrategien vår. Innhald på Facebook, Instagram og i nyheitsbrevet skal støtta bloggen. Vidare støttar me bloggen vår ved å lenka dit i e-postar vi sender, om dei er svar på førespurnadar eller som nyheitsbrev.
Annonseplan
Vi køyrer kampanjen “thingstodo” mot folk som har gjerne har høyrt om Balestrand, men ikkje veit kva ein kan gjera. Kampanjen består av:
Annonse på Facebook
Annonse på Google Søk
Annonse i Sognefjordguiden
UTM-lenke retningslinjer
Det blir ein del ulike lenker inn til bloggpostane våre: frå Facebook, Google, e-postar og så vidare. Me skal følgja med på kva slags lenker som blir klikka mest. Då kan me bruka meir energi på kanalane som fungerer best.
Det vil seie at lenker til bloggpostar skal vera UTM-lenker. Me bruker desse parametera:
Source: google, facebook, visitsognefjord, instagram, mailchimp
Medium: email, paidsocial, social, print, paidsearch
Campaign: Namnet på bloggposten i små bokstavar, utan mellomrom. Bokstavane å, æ og ø skal skrivast aa, ae og oe. Til dømes hotelsinbalestrand.
Content: Bruk litt sunn fornuft. Til dømes er den engelske versjonen av ein annonse merka engelsk og den norske merka norsk.
Bruk kontoen vår på utm.io til å setja saman lenkene. Her ligg parametera klare slik at du ikkje kan gjera feil.
På Facebook gjer me det slik:
utm_source={{placement}}&
utm_medium=paidsocial&
utm_campaign=thingstodo&
utm_content={{ad.name}}
På denne måten skil Facebook sjølv mellom dei ulike plasseringane.
{{placement}} gir deg:
Facebook_Desktop_Feed
Facebook_Mobile_Feed
Facebook_Right_Column
Messenger_Home
Instagram_Feed
Instagram_Stories
og {{ad.name}} gir namnet på annonsen. Men hugs! URLen kan ikkje ha mellomrom i seg. Pass på at annonsenamnet ikkje har mellomrom, eller skriv det inn manuelt.