Tekstar om dragestilen i Balestrand
Balestrand er den beste plassen i landet for å oppleve dragestilen. Og det er naturleg at vi reiselivsfolk skal vite litt meir om dette enn vanlege balestrendingar. Her får du ein oversikt over kva stilen er for noko, og kvifor det er viktig. Mesteparten av litteraturen om dragestilen finst gratis på nasjonalbiblioteket sine sider, og eg har lenka til dei nedanfor.
Åge Eitungjerde fortel arktekturinteresserte om dragestilen i Balestrand. Frå eit seminar arrangert av Fortidsminneforeiningen, 9. oktober 9, 2021.
Eg ville ha starta med Arne Melkild si bok Kunstnarliv, ein godbit som finst på mange kaffibord i Balestrand. Geir Odd Målsnes publiserte nokre artiklar om stilen, Drake/sveitser i Balestrand i fagbladet Byggekunst i 1981, og Turisme-arkitketuren i Sogn i Årbok for Sogn, 1985. Det finst ein meir Oslo-fokusert artikkel, Dragestilen: Et norsk stilfenomen, frå 1970 i Byminner, tidsskrifta for Oslo museum. Den beste oversiktsartikkelen for heile stilen er kanskje Dragestilen: honnør til en hånet stil, skrive av Stephan Tschudi-Madsen.
Mary Ann Menes har skrive eit par artiklar om temaet i Årbok for Sogn: Sal av ferdighust frå slutten av 1800-talet i 2010. Sjå òg artikkelen Abbotthagen eller Villa Balderslund, litt seinare i same blad, og Norsk Reiselivsmuseum og husa på kaien i Balestrand, som ho skreiv i 2007 saman med Inger Marie von der Lippe. Hugs at det òg finst ei utstilling om sveitserstilen og drakestilen på Reiselivsmuseet!