Vi elskar digitale kontraktar

Vi prøvde ut digitale kontraktar, og det var ein udelt suksess.

Gamlemåten å skrive under på kontraktar kjenner de jo. Skriv ut kontrakten, signere den, sende den, for at den så skal bli skriven ut av mottakaren, signerte og sende tilbake. Aldri igjen!

Med digitale kontraktar kan heile prosessen gjerast unna på eit par minutt, med mykje betre resultat. Er du partnar i Balestrand Adventure har du fått den nye partnaravtalen på epost, og signert digitalt.

Då vi prøvde dette ut i haust sende eg ut første kontrakten 14:34, og 15:37 var kontrakten signert og lagra. Kor mange dagar og epostar tek ikkje det før ein får ein skanna PDF tilbake?

Ikkje nok med det, kontraktane er lett å finne etterpå i den digitale tenesten vi bruker. Vi slepp å grave gjennom mapper når vi skal finne ein gamal kontrakt, til dømes når ein skal få oversikt over kven som faktisk er partnar til ei kvar tid.

Vi brukar tenesten eSignatures, som tek 5 kr per signert kontrakt. Kvifor gjer ikkje du det same i di bedrift?

Jesse BrattComment