Kontinuerleg forbetring
Sogningar er nysgjerrige. Og heller ikkje redde for å testa ville idéar.
Det same gjeld Balestrand Adventure.
Me prøver å setja denne nysgjerrigheiten i system ved å skriva ned hypotesane våre og testa dei éin om gangen.
Me prøver å forstå kva som skjer med gjestane på nettsida vår. Me sjekkar Google Analytics jamt og leiter etter mønster: Kva sider presterer dårlegare enn forventa? Kvifor?
Heile vegen skriv me ned hypoteser me har lyst å testa. Til dømes:
Sjå om produktbilde A gir fleire kjøp enn produktbilde B
Sjå om synlegare avbestillingsvilkår gir fleire kjøp
Me skal alltid ha nokre eksperiment gåande på Google Optimize, der me testar dei viktigaste hypotesane. Sjå til dømes korleis me fekk mykje betre resultat frå “Things to do”-sida.
Det same gjeld annonsar hos Google og Facebook: Me skal ha eit par ulike versjonar gåande samtidig.
Rett nok har me for lite trafikk til å testa skikkeleg, men er det ein grunn til å venta med eksperiment?
Korleis skal me elles bli betre?